Mørk natt i verda

 

Den nazistiske ideologien var prega av ein eigen estetikk. Denne estetikken fokuserte på det mørke som symbol på lidingane det tyske folk hadde gått gjennom, men gav også høve til effektiv bruk av lys. Ut av natta og døden kunne ein ny verdsorden stige fram.

Tekst publisert i Det Norske Teatrets sesongmagasin Bakteppet våren 2016

Andre verdskrigen var ei mørk tid i europeisk historie. Det var ein periode prega av mørke, elende, liding og grufulle hendingar. I åra før krigen var mørkret ikkje berre ein metafor for den menneskelege kvardagen og lidingane i denne tida, og, men eit effektivt og gjennomtenkt estetisk verkemiddel. Den nazistiske ideologien var prega av ein omfattande estetisk praksis.

 

LYS OG MØRKE

Dei ideologiske uttrykka i Tyskland under nazistane var prega av ein kultisk og teatral estetikk, der natta, mørkret og døden var sentrale element. Dette gjorde at dei ideologiske uttrykka fekk ei kvasireligiøs orientering som vi kan sjå som eit uttrykk for ein eigen nazistisk teatralitet. At nazistane mellom anna nytta teaterverkemiddel i propagandaen, var langt frå tilfeldig. Regimet hadde ein eigen propagandaminister, Joseph Goebbels. Han var utdanna dramaturg og skreiv fleire skodespel, eit utdrag frå stykket Vandringsmannen er med i framsyninga Andre verdskrigen. Nazistane tok i bruk gamle kjende symbol, som solkorset og vikingsymbolikk, og gjorde dei til sine eigne. Estetiske og teatrale grep blei nytta for å styrke den nazistiske ideologien og tilhøyrsla til den. Denne nazistiske teatraliteten breidde om seg, og vi kan sjå at den fanst både i sceneteateret og i andre ideologiske hendingar.

 

TEATER SOM PROPAGANDA

Adolf Hitler var ikkje spesielt glad i teater. Det er godt kjent at han var oppteken av Richard Wagner og romantisk opera, men dramatisk teater blei aldri hans favorittsjanger. Det blei likevel gjort forsøk på å gjere dramatisk teater til ein sentral nazistisk sjanger. Til den fyrste offisielle feiringa av bursdagen til Hitler, 20. april 1933, blei skodespelet Schlageter vist i München. Schlageter var skrive av dramatikaren Hanns Johst, og handla om Hans Otto Schlageter, ein tysk offiser som blei arrestert og drepen av dei franske okkupasjonsmaktene i Ruhr-området i 1923. I avslutningsscena av skodespelet blir Schlageter drepen på ei mørklagd scene av ein fransk soldat medan han skrik at Tyskland må vakne: ”La deg forvandlast til ein flamme, til eld! Brenn forbi det fattelege!” Skodespelaren som spelte Schlageter stod i denne oppsetjinga med ryggen mot publikum, og mot han og publikum blei det stråla eit kraftig lys. Etter skrika løfta dei franske soldatane geværa og skaut. Her kan ein sjå korleis kontrasten mellom lys og mørker var direkte knytt til døden. Moralen var at Schlageter døydde for ei større sak, og denne saka blei symbolisert gjennom mørker, død, lys og liv. Det menneskelege offeret blei her viktig som symbol på den framtida den nazistiske revolusjonen skulle skape, og vi kan sjå byrjinga av ein kultisk estetikk som skulle bli sentral for nazismen.

 

FOLKETEATER

Ein av dei viktigaste sjangrane for denne estetikken i Tyskland i mellomkrigstida var det nye, men kortliva Thingspiel. Thingspiel blei lansert av propagandaminister Goebbels kort tid etter maktovertakinga i 1933. Dette var store, folkelege og populære arrangement. Mange tusen menneske, både amatørar og profesjonelle, deltok i kvar framsyning. Store amfiscener, kalla Thingplätze, blei reist rundt om i heile Tyskland, etter mal frå amfiscener frå den greske antikken. Berre ny dramatikk blei spelt, og alle handla om situasjonen i Tyskland etter første verdskrigen og lidinga i perioden som følgde. Dei handla altså om død, atterføding og det tyske folket. Dei blei spelte i mørkret, og lys var eit viktig scenografisk trekk. Eit anna viktig element var det dei på tysk kalla Sprechchor, talekor, henta frå dei greske tragediane.

Etter ein kort og hektisk periode blei sjangeren lagd ned, og ordet Thingspiel blei forbode allereie i 1935. Årsaka til at dei blei lagde ned, er uklar. Det er blitt foreslått at årsaka låg på politisk nivå, og at det kom av at Hitler sjølv ikkje likte sjangeren fordi den ikkje tok inn over seg den store førarkulten som Hitler ville etablere. Thingspiela var kultiske teaterhendingar der det tyske folket spelte hovudrolla utan ein klar førarskikkelse. Hitler ønskte seg heller ein teatralitet der han sjølv var i hovudrolla, i kontrast til folket som antagonist. Denne forma for kultisk teatralitet kan vi sjå klarast i dei årlege partidagane i Nürnberg, der Hitler kunne vere føraren med guddommelege kvalitetar.

Anaberg193?

 

FØRAREN SOM GUD

I dei årlege partidagane i Nürnberg var det forholdet mellom folk og førar som var tema. Nazistane byrja med desse samlingane allereie før maktovertakinga, men det var først etter at Hitler blei førar at samlingane fekk enorme dimensjonar. Ei av årsakene til at partidagane i Nürnberg er blitt godt kjende, er at filmskaparen Leni Riefenstahl lagde ein storslagen film frå hendinga i 1934, der Hitler i byrjinga av filmen kjem flygande inn til byen som ein gud som vitjar jorda. I Nürnberg blei det bygd store arenaer for å huse arrangementa, og alle var utsmykka med nazistiske symbol som hakekrossar og ørnar. I fleire av arrangementa var det store talar av fleire av dei nazistiske leiarane. Kontrasten mellom den talande og folket var openberr. Særleg var dette tydeleg då Hitler tala, og folket blei presentert som undersåttane hans som jubla beundrande på ein nesten seksuell maner som respons. Denne responsen er å forstå som irrasjonell og basert på kjensler, medan Hitler blei framstilt som urokkeleg, hard, rasjonell og klar.

Også i Nürnberg var mørker og eld i fokus. Fleire av arrangementa gjekk føre seg etter at det hadde blitt mørkt, og det blei nytta faklar og fyrverkeri. Det heile handla om styrke og dugleik, og fokuset på fysisk styrke og kroppens evner gav heile arrangementet ein seremoniell karakter. Den fysiske kroppen som element i ein kult av død, skapte kontrastar mellom det levande og det døde, og styrkte opplevinga av offer som igjen gav kraft til den kvasireligiøse politiske handlinga. Det er her det kultiske aspektet er mest merkbart. Mørker, natt, offer, lys og frelse er estetiske element brukte i eit forsøk på å likne religiøse ritual og slik gje seg sjølve ein posisjon ut over den aktuelle hendinga og legitimere ei styreform.

1024px-Zeppelinfeld1

 

SYMBOL FOR ETTERTIDA

Propagandaen i Tyskland under nazistane fekk mange former. Gjennom den kultiske teatraliteten oppnådde dei nazistiske styresmaktene å knyte folk til seg ved å gjere dei delaktige og å gje dei ei fysisk oppleving av regimet. Etter dei første åra, der det kultiske i all hovudsak handla om folkets fortid, framtid og atterføding, utvikla det seg i åra fram mot krigen. Etter kvart skulle folket vere subjekt i lys av kjærleiken og makta utstråla frå føraren. Med eit folk som aktivt dyrka ein førar som guddom i ideologiske ritual, var makta konsolidert.

Mange av dei monumentale bygga som blei oppførte, kan ein framleis sjå rundt om i Tyskland, men fleire står til forfall. Estetikken det tyske regimet nytta under andre verdskrigen, skulle overtyde folket og verda om det nazistiske regimets legitimitet og styrke og løfte Adolf Hitler som den sterke føraren for det tredje riket. Når Det Norske Teatret tek Andre verdskrigen til scenen, er det ei åtte timar lang framsyning som mellom anna skal visast om natta. No er mørkret blitt eit symbol for krigen og terroren som ramma ei heil verd, som ei lang, utmattande natt. Når krigen var slutt i 1945, stod menneska igjen med ei verd i ruinar. Men morgongry og lyset i slutten av framsyninga symboliserer også håp og ein ny start.

Advertisements